Hopp til innhold
X
Innhald

Striden kring utbygging av Gaularvassdraget

Likholefossen i Viksdalen renn framleis utan regulering. Gaularvassdraget vart varig verna i 1993. Brua over fossen er ein del av Fossestien. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Likholefossen i Viksdalen renn framleis utan regulering. Gaularvassdraget vart varig verna i 1993. Brua over fossen er ein del av Fossestien. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kampen kring utbygging eller vern av det sju mil lange Gaularvassdraget i Sunnfjord utløyste ein av dei største og hardaste stridane kring vassdragsvern i Noreg nokon gong.

Tidleg på 1960-talet starta Sogn og Fjordane fylke ved Sogn og Fjordane Energi AS planlegging av full utbygging av Gaularvassdraget. Planane tok sikte på regulering av alle falla heilt frå høgfjellet under Jostedalsbreen til og med Osfossen ved fjorden

Informasjonskomitéen

Informasjonskomitéen

Motstandarane organiserte seg i Informasjonskomitéen for Gaularvassdraget i 1971. Informasjonskomitéen sette m.a. opp godt synlege verneplakatar langs heile vassdraget, og dei dreiv intens lobbyverksemd på alle politiske nivå. I Gaular organiserte Informasjonskomitéen eiga «verneliste» ved kommunevalet, og fekk ei stor gruppe i kommunestyret.

Harde frontar

Kampen om Gaularvassdraget prega lokalpolitikk og bygdeliv i Gaular i over 20 år. Frontane var harde. Saka skapte fiendskap grannar imellom.

Stortingskomitéar og regjeringsdelegasjonar var på fleire synfaringar, og Gaularvassdraget vart ei sentral sak då arbeidet med ein «Samla plan for vassdragsvern i Noreg» starta på 1970-talet. To miljøvernministrar var på synfaring - først Wenche Frogn Sellæg (Høgre) tidleg på 1980-talet og Sissel Rønbeck (Arbeidarpartiet) tidleg på 1990-talet. Falleigaren, Sogn og Fjordane fylkeskommune, pressa hardt på for utbygging, men Gaularvassdraget vart varig verna av Stortinget i 1993.

Les meir om saka i artikkelen Striden om Gaularvassdraget under Gaular kommune.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015