Hopp til innhold
X
Innhald

Vassdragsvern i Sogn og Fjordane

Eikelandsfossen i Gaularvassdraget, som er varig verna mot utbygging. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Eikelandsfossen i Gaularvassdraget, som er varig verna mot utbygging. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nokre av dei hardaste stridane kring norsk vassdragsvern har stått kring vassdrag i Sogn og Fjordane:

Det starta med vernestriden kring Aurlandsdalen på slutten av 1960-talet og toppa seg kring kampen om Gaularvassdraget i Sunnfjord på 1980-talet. Det vart også store interessekonfliktar kring vern av Strynevassdraget og andre elvar i indre Nordfjord i samband med utbyggingsplanar i Breheimen, og i Jostedalen måtte NVE også redusere reguleringa etter mykje motstand.

Lokalsamfunn mot storsamfunn

Eit særtrekk ved mest all strid kring kraftutbygging i Sogn og Fjordane har vore at fleirtala i kommunar og fylke har gått inn for kraftreguleringa, medan storsamfunnet ved regjering og Storting har gått inn for vern.

Aurdalsvatnet i Aurlandsdalen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Aurdalsvatnet i Aurlandsdalen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Aurlandsdalen vart ei nasjonal sak

I 1969 gav Stortinget klarsignal til den enorme utbygginga av Aurlandsfalla som skulle vare langt inn på 1980-talet.

Bitter strid kring Gaula

Kampen kring utbygging eller vern av det sju mil lange Gaularvassdraget i Sunnfjord utløyste ein av dei største og hardaste stridane kring vassdragsvern i Noreg nokon gong.

Breheimen vart berga i Stryn

I 1966 starta Statskraftverka planlegging av ei enorm kraftregulering som ville omfatte vassdraga frå indre Nordfjord og Luster og heilt nedover til midtre Gudbranddalen.

33 verna vassdrag i fylket

Etter meir enn 30 års arbeid avslutta Stortinget i 2005 arbeidet med Verneplan for vassdrag. I Sogn og Fjordane omfattar vernet 33 vassdrag eller deler av vassdrag.

Stryneelva er mellom dei 33 verna vassdraga. Foto: Olav Jakob Tveit.

Stryneelva er mellom dei 33 verna vassdraga. Foto: Olav Jakob Tveit.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.09.2011