Hopp til innhold
X
Innhald

Vern av barskog i Sogn og Fjordane

Kvitingsmorki i Årdal er eitt av seks verneområde for barskog i Sogn og Fjordane. Her veks furua opp mot 1000 meters høgde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kvitingsmorki i Årdal er eitt av seks verneområde for barskog i Sogn og Fjordane. Her veks furua opp mot 1000 meters høgde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 1996 vedtok Regjeringa vern av i alt 30 område med totalt 143 kvadratkilometer barskog på Vestlandet. Seks av desse ligg i Sogn og Fjordane:

  • Nordheimsdalen, Aurland kommune
  • Kvitingsmorki, Årdal kommune
  • Krakksfjellet, Solund kommune
  • Bargarden, Luster kommune
  • Sørdalen, Bremanger kommune
  • Kolebakkane, Gloppen kommune
Elles vart skogområdet Brandtjørna i Flora kommune verna i 1993 for m.a. å sikre vekstområdet for den sjeldne laven huldrestry. I Flora kommune vart elles nokre førekomstar av barlind i Sandvikbotn verna i 2000 i samband med ein verneplan for barlind og kristtorn på Vestlandet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015