Hopp til innhold
X
Innhald

Vern av edellauvskog i Sogn og Fjordane

Flo med Flostranda, der det er verneområde for edellauvskog. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Flo med Flostranda, der det er verneområde for edellauvskog. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I Flostranda ved Strynevatnet vart det i 1991 skipa eit verneområde for edellauvskog.
Etter mange år med høyringar, gjorde Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i 2006 framlegg om vern av 14 område der det er spesielle førekomstar av såkalla edellauvskog.

Områda femner om i alt 13.510 dekar og ligg i 12 kommunar:

*1. Lindvik naturreservat i Eid kommune *2. Åsane naturreservat i Eid kommune *3. Haukå naturreservat i Flora kommune *4. Mallasvika naturreservat i Naustdal kommune *5. Steiehalsen naturresevat i Askvoll kommune *6. Mjåta naturreservat i Solund kommune *7. Rønset naturrservat i Hyllestad kommune *8. Ramslia naturreservat i Høyanger kommune *9. Eiterstrondi naturreservat i Vik kommune *10. Kvinnafossen naturreservat i Leikanger kommune *11. Stedjeberget naturreservat i Sogndal kommune *12. Ytamo naturreservat i Luster kommune *13. Loi naturreservat i Luster kommune *14. Husum naturreservat i Lærdal kommune

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.09.2011