Hopp til innhold
X
Innhald

Vern av myr i Sogn og Fjordane

Yngsdalen på austsida av Veitastrondvatnet i Luster er eitt av områda som er omfatta av myrvern. På dette biletet ser vi husa på dei fråflytte gardane. Myrområdet ligg i dalføret bak gardane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Yngsdalen på austsida av Veitastrondvatnet i Luster er eitt av områda som er omfatta av myrvern. På dette biletet ser vi husa på dei fråflytte gardane. Myrområdet ligg i dalføret bak gardane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 2004 verna regjeringa 20 artstypiske og verdfulle myrområde i Sogn og Fjordane. Myrane har ein viktig funksjon i vassreguleringa i naturen og har eit spesielt plante- og dyreliv. Vernet dekker eit samla areal på 25,8 kvadratkilometer.

Dei 20 verna myrane er:

: 1. Sætremyrane i Hornindal kommune : 2. Prestestøylen i Stryn kommune : 3. Tjønnane i Stryn kommune : 4. Tvinna i Stryn kommune : 5. Kloppemyrane i Gloppen kommune : 6. Eldedalen i Bremanger kommune : 7. Storemyra i Bremanger kommune : 8. Sandvikseidet i Selje kommune : 9. Dekkjene i Selje kommune : 10. Movatna i Vågsøy kommune : 11. Eikevolltønnmyra i Flora kommune : 12. Tuemyra i Flora og Naustdal kommune : 13. Kleppstølsvatnet i Naustdal kommune : 14. Myklebustdalen i Jølster kommune : 15. Gjerlandsøyane i Førde kommune : 16. Svarteliåsmyra i Gaular kommune : 17. Sørebømyrane i Fjaler kommune : 18. Lona i Fjaler kommune : 19. Grima i Gulen kommune : 20. Yngsdalen i Luster kommune

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015