Hopp til innhold
X
Innhald

Vern av villaksen i Sogn og Fjordane

Foto: Norsk Villakssenter.

Foto: Norsk Villakssenter.

Sidan 1980-talet har det vore ein dramatisk nedgang i villaksstammane i Noreg. Utanom sesong- og helgefreding vart det innført totalforbod mot drivgarnsfiske etter laks i 1989. Samstundes vart det innført restriksjonar på fiskemetodar i mange lakseelvar, og like etter tusenårsskiftet vart ei mengd vassdrag og fjordarmar gjeve spesielt vern m.a. med forbod mot oppdrettsanlegg.

Nasjonale laksefjordar- og vassdrag

Både Nordfjorden, Førdefjorden, Dalsfjorden og Sognefjorden er nasjonale laksefjordar, i tillegg er det 11 nasjonale laksevasdsdrag i fylket.

Norsk Villakssenter i Lærdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Norsk Villakssenter i Lærdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.09.2011