Hopp til innhold
X
Innhald

Verna vassdrag i Sogn og Fjordane

Vingelva i Bremanger er eitt av vassdraga som er verna. Dette fotoet er teke frå Hornelen, og vi ser delar av Ålfotbréen i bakgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vingelva i Bremanger er eitt av vassdraga som er verna. Dette fotoet er teke frå Hornelen, og vi ser delar av Ålfotbréen i bakgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Etter meir enn 30 års arbeid avslutta Stortinget i 2005 arbeidet med Verneplan for vassdrag. I Sogn og Fjordane omfattar vernet 33 vassdrag eller deler av vassdrag.

Utanom Gaularvassdraget og dei vassdraga som knyter seg til Breheimen i Stryn, er det særleg vern av elva Nausta som har skapt mest usemje. Her som i Gaula er det fylkeskommunen som er falleigar.

Vassdraga som er verna i Sogn og Fjordane er:

  • Dalsbø/Ervikvassdraget i Selje kommune
  • Rimstadvassdraget i Vågsøy kommune
  • Eidselva m/Stigedalselva og Hornindalsvassdraget i Eid og Hornindal kommunar
  • Bygdaelva i Stryn kommune
  • Strynevassdraget i Stryn kommune
  • Loenvassdraget i Stryn komune
  • Oldenvassdraget i Stryn kommune
  • Ryggelva i Gloppen kommune
  • Vingelva i Bremanger kommune
  • Solheimsvassdraget i Flora kommune
  • Nausta i Naustdal kommune
  • Laukelandsfossen på nordsida av Dalsfjorden er verna. Foto: Ottar Starheim, NRK.

    Laukelandsfossen på nordsida av Dalsfjorden er verna. Foto: Ottar Starheim, NRK.

    • Storelva med Laukelandsfossen ved Dalsfjorden i Gaular kommune
    • Gaularvassdraget i Førde og Gaular kommunar
    • Guddalsvassdraget med Sørebøelva i Fjaler kommune
    • Storelva ved Storakersundet i Hyllestad kommune
    • Engevikvassdraget i Solund kommune
    • Dingja i Gulen kommune
    • Yndesdalsvassdraget i Gulen kommune
    • Tennedalselvi i Balestrand kommune
    • Deler av Vossavassdraget i Vik kommune
    • Kvinnafossen i Leikanger. Foto: Ottar Starheim, NRK.

      Kvinnafossen i Leikanger. Foto: Ottar Starheim, NRK.

      • Kvinna med Kvinnefossen i Leikanger kommune
      • Sogndalselvi i Sogndal kommune
      • Mørkridsdalselvi i Luster kommune
      • Feigedalselvi med Feigumfossen i Luster kommune
      • Utla med Vettisfossen i Årdal kommune
      • Smeddøla i Lærdalsvassdraget
      • Deler av Mørkedølavassdraget i Lærdal kommune
      • Øvste delen av Erdalselvi i Lærdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

        Øvste delen av Erdalselvi i Lærdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

        • Erdalselvi, øvre del, i Lærdal og Aurland kommunar
        • Flåmselvi med Kjosfossen i Aurland kommune
        • Undredalselvi i Aurland kommune
        • Nisedalselvi i Aurland kommune
        • Dyrdalselvi i Aurland kommune
        • Nærøydalselvi utan Jordalselvi i Aurland kommune
        • Kart som syner dei verna vassdraga i Sogn og Fjordane. Brukt med løyve frå Miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen.

          Kart som syner dei verna vassdraga i Sogn og Fjordane. Brukt med løyve frå Miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015