Hopp til innhold
X
Innhald

Felles plankontor for indre Sunnfjord

Førde i 1965, det året staden vart peika ut til vekstsenter. Foto: Aune. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Førde i 1965, det året staden vart peika ut til vekstsenter. Foto: Aune. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I samband med at Staten peika ut Førde som vekstsenter i 1965 vart det i 1969 skipa eit felles plankontor i Førde for kommunane Førde og Gaular med ingeniør Rolf Øvrelid som leiar. Dette var det første interkommunale samarbeidsorganet av dette slaget i fylket.

I 2006 skipa kommunane Jølster, Førde, Gaular, Naustdal og Høyanger utviklingsselskapet Sunnfjord Næringsutvikling AS. Dette selskapet har m.a. samarbeid med næringslivsorganisasjonen Sunnfjord Næringsråd og det kommunale utviklingsselskapet Sunnfjord 2020 om felles rekrutteringstiltak for sunnfjordregionen.

Elles har dei fleste sunnfjordkommunane gått saman om ei felles renovasjonsordning gjennom det interkommuale Sunnfjord Miljøverk AS – SUM – som har felles bossanlegg i Hesjedalen i Førde.

Kommunane Naustdal, Førde, Jølster, Gaular og Høyanger samarbeider med reiselivsnæringa om selskapet Reisemål Sunnfjord AS.

Sunnfjord Miljøverk i Hesjedalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sunnfjord Miljøverk i Hesjedalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.09.2011