Hopp til innhold
X
Innhald

1. mai og 17.mai i Høyanger

Medlemer i Venstrekommunistisk Ungdomsfylking, som ungdomsorganisasjonen til Arbeidarpartiet heitte på den tida, samla til fotografering 1. mai 1925. ”Splittet er vi intet, samlet er vi makt” står det m.a. på fana. Vi ser at fleire held fram avisa ”Den røde ungdom”. Ukjend fotograf. Eigar: Inger M. Norevik.

Jamvel på store høgtidsdagar markerte dei to gruppene avstand: 1. mai var den store folkemønstringa for arbeidsfolket. Då gjekk demonstrasjonstoget gjerne ein liten sving bortom villastrøka for å erte funksjonærane som glytte fram bak gardinene. Festdagen vart avslutta i Folkets Hus.

17. mai var helst borgarskapets dag. Festkomiteen valde nøye ut dagens talar, og folkefesten gjekk føre seg i ungdomshuset «Valhall». Arbeidarane heldt seg i bakgrunnen, og dei mest ihuga heldt seg heime.

17. mai-tog i Storgata i Høyanger ein gong på 1930-talet. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

17. mai-tog i Storgata i Høyanger ein gong på 1930-talet. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Les også om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 23.08.2010