Hopp til innhold
X
Innhald

11 omkom i Oldedalen

Gardstunet på Rustøen.  Husa vart flytta hit etter raskatastrofen i 1849. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gardstunet på Rustøen. Husa vart flytta hit etter raskatastrofen i 1849. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

18. februar 1849 vart tunet på garden Rustøen i Oldedalen sopt bort av ei snøfonn, og 11 menneske vart drepne. På det eine bruket omkom far og tre born. På det andre far og mor og dotter og besteforeldre, og dessutan ei kårkone og ei tenestejente. Etter denne ulukka vart dei to gardstuna flytta.

Tunet på Rustøen vart også øydelagt den 17. mars 1718, same dag som fonna drap mykje folk i Oppstryn og på Ytre Skarstein.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.03.2011