Hopp til innhold
X
Innhald

13-åring dømt til livstid for kaketjuveri

Då Per Olsson Molland var 14 år, måtte han som vanleg på 1700-talet, ut i teneste. Han hamna på Kvam i Hafslo, der han tuska til seg litt mat og drikke utan løyve.

I rettssaka som fylgde, kom det fram at Per eitt år tidlegare hadde stole nokre pepparkaker, kringler og brennevin frå ein granne heime på Molland. Her hadde ungguten drukke seg så aldeles frå sans og samling at han sovna på stabburet der han hadde funne varene. Slik - sovande og drivande full - vart han teken «på fersken», og måtte tilstå. Guten vart dømd til «kakstryking» - dvs. pisking - og deretter fekk kakeglade Per tukthus på livstid.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.08.2008