Hopp til innhold
X
Innhald

17. mars 1718

Sunndalen, der 11 menneske miste livet i snøskred 17. mars 1718. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sunndalen, der 11 menneske miste livet i snøskred 17. mars 1718. Foto: Ottar Starheim, NRK.

17. mars 1718 var ein ulukkesdag i Indre Nordfjord med 16 drepne:

I Sunndal i Oppstryn vart 11 menneske drepne av fonna, og 11 hus sopte vekk. Av dei åtte omkomne på hovudbruket var det m.a. foreldre med fire born. Dei andre tre omkomne høyrde til på ein husmannsplass. Etter at det var leita i 11 veker, vart den siste omkomne funnen i mai.

Skåre i Oppstryn, der tre menneske omkom i rasulukke i 1718. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skåre i Oppstryn, der tre menneske omkom i rasulukke i 1718. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På Skåre i Oppstryn tok fonna sonen og to døtre i eit hus, og foreldra vart sterkt skadde. Ni storfe og 20 sauer strauk med. Eit enormt snøskred tok over 20 hus på Ytre Skarstein i Olden. Tre menneske og over 100 husdyr vart drepne. Eit anna snøskred sopte også bort husa på Rustøen i Oldedalen. Husa på Skarstein vart flytta etter ulukka. I 1902 vart gardstunet i Sunndal på nytt øydelagt av ei fonn. Etter dette gav brukaren opp og flytta.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.03.2011