Hopp til innhold
X
Innhald

56 timars arbeidsveke

NACO-arbeidarar - truleg på 1930-talet. Foto: Eugene N ordahl-Olsen. Eigar: Hydro/fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

NACO-arbeidarar - truleg på 1930-talet. Foto: Eugene N ordahl-Olsen. Eigar: Hydro/fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Dei første åra var det reine rovdrifta på arbeidarane i Høyanger: Skiftarbeidarane hadde den første tida åtte timars arbeidsdag alle sju dagar i veka - d.v.s. 56 timars arbeidsveke. Det same hadde dagarbeidarar, som arbeidde 10 timar fem dagar og sju timar på laurdag.

I 1918 sameina arbeidarane i Høyanger seg med arbeidsfolk andre stader i landet og pressa fram åttetimars arbeidsdag.

Det var stor avstand mellom arbeidarane på fabrikkgolvet og leiinga i NACO. Dette er frå ei festleg samkome for verksleiinga på 1930-talet, der også toppane innan offentleg teneste og bankar var inviterte. I midten framme sit direktør Hans Hygen og kona hans, Hjørdis. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Les meir om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 

Sist oppdatert: 08.09.2010