Hopp til innhold
X
Innhald

Adels- og embetsgardar på rekkje og rad

Kaupanger Hovedgård. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kaupanger Hovedgård. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Ingen stader i fylket er det registrert så mange adelsgardar - eller setegardar - som i Sogndal. I tillegg til det mest kjende Kaupanger-godset, var det i høgmellomalderen (1200-1300) såkalla setegardar for stormannsætter både på Slinde, Stedje og Kvåle - truleg også på Eggum. Størst var Slinde og Stedje.

På Åberge og Fimreite stod det også private kyrkjer på denne tida. Det tyder på at det budde storfolk på desse gardane og. Mykje av jorda på Eggum, Fimreite og Åberge vart delt ut til kyrkjelege institusjonar før 1350.

Kaupanger Hovedgård

Det er svært, svært få i Sogn og Fjordane som kallar seg godseigar. Men i Kaupanger er det to gods der eigarane heilt fram til i dag brukar denne tittelen. Og hovudbygningen på Kaupanger Hovedgård gjer ikkje skam på tittelen.

Dørportal frå Kvåle, der det mellom anna er skore ut ein hest med ryttar i stridsmundur. Portalen er frå 1200- eller 1300-talet. Foto: Historisk Muséum i Bergen.

Dørportal frå Kvåle, der det mellom anna er skore ut ein hest med ryttar i stridsmundur. Portalen er frå 1200- eller 1300-talet. Foto: Historisk Muséum i Bergen.

Storgarden på Kvåle

Rike gravfunn frå omlag 600 e. Kr. viser at Kvåle har vore ein storgard heilt frå eldre jernalder. Også på Rutlin like ved er det gjort funn etter ein gard.

Slinde-godset

Slinde-godset var i mellomalderen eit av dei store jordegodsa i indre Sogn. Noregs mest kjende tre må vere Slindebjørka som stod på toppen av ein gamal gravhaug, Hydneshaugen, på Slinde.

Fimreite-gardane

Sjølv om sjøbukta ved Fimreite vart vald som valplass for slaget mellom Magnus V Erlingsson og kong Sverre Sigurdsson i 1184, er det ingen spor som tyder på at bygda var sete for storfolk før på 1500-talet. Då er Fimreite eigd av folk med røter i den norske adelen.

Stedje på flyfoto frå 1954. © Johan Ottesens arkiv.

Stedje på flyfoto frå 1954. © Johan Ottesens arkiv.

Storgarden Stedje

Stedje ligg på sørsida av utløpet til Sogndalselva. På garden er det gjort rike fornfunn som viser at det har budd rikfolk der alt i bronsealdertida. Alt i mellomalderen var Stedje såkalla adeleg setegard.

Amla-gardane

Heiberg-slekta har vore knytt til Amla-gardane sidan 1690. Gardane i øvre og nedre Amla har mykje felles historie, og er også knytt sterkt saman med historia til Kaupanger Hovedgård.

Tunet i Øvre Amla. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tunet i Øvre Amla. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kapteinsgarden Hovland

Garden Hovland ligg på Kaupangerskogen. Hovudbygningen frå 1700-talet viser at her har budd folk frå det øvre sosiale skiktet i Sogn.

Munthe-garden i Årøy

Ein av dei store eigedomane i Sogndal er Årøy. Den vart frå midten av 1600-talet hovudsete for Munthe-slekta si grein i Sogn og Sunnfjord.

Nagløyri

Garden på elvesletta ved utløpet av Årøyelva kallast Nagløyi. Den heitte opphaveleg Bruavoll.

Hovudhuset på Kjørnes på 1950-talet. © Sogndal Sogelag/Fylkesarkivet.

Hovudhuset på Kjørnes på 1950-talet. © Sogndal Sogelag/Fylkesarkivet.

Fint folk på Kjørnes

På Kjørnes (også skrive Kjødnes) på austsida av Sogndalsfjorden, ligg eit gamalt, freda herskapshus.

Sorenskrivargarden på Loftesnes

Eit av dei vakraste og mest velproporsjonerte husa i Sogn og Fjordane frå 1700-talet, er den gamle sorenskrivarbustaden ved Loftesnessundet. Det gamle tunet på garden stod på ein haug bak herskapshuset.

Fjærland eigd av futar og storfolk

Mykje av dei beste jordviddene i Fjærland var på 1600- og 1700-talet eigd av rikmannsslekter og futar.

Sognafuten budde i Sogndal

Frå 1530 var det den dansk-norske kongen sine futar som styrde lokalforvaltninga. Dei første 100 åra var Sogn samla i eitt futedøme. Då budde futen på gardar i Sogndal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.09.2011