Hopp til innhold
X
Innhald

Adels-ætta Kruckow i Kroken

Garden kom på 1500-talet i adelsætta Kruckow si eige. Kruckow er ei ætt som kom frå det tyske Pommern. Dei fekk rotfeste i Bergen og hadde m.a. fått hand om Nordfjord- og Sunnfjordgodset som kongen hadde kverrsett etter avrettinga av riksråden Audun Hugleikson frå Jølster.

Kruckowane var store og jordeigarar kring Bergen, og vart truleg store jordeigarar i Sogn alt på 1400-talet. Frå denne ætta kom Johan Kruckow som var mektig riksråd og lensherre kring 1520-1530. Han skreiv seg for «Johan Kruckow aff Søderem» og budde mest truleg på Sørheim, som tilliks med Kroken ligg på austsida av Lustrafjorden. Men han kan også ha budd i Kroken.

Stor eigedom

Kruckow-godset i Sogn omfatta det meste av noverande Luster kommune, samt store område kring Sogndalsfjorden. Kruckow dreiv også stor handel med eigne skip til fiskevær som han kontrollerte i Nord-Noreg.

Skulle drepast

Kruckow levde i reformasjonstida - overgangstida frå den katolske til den lutheranske kyrkja, og det var støtt spenningar mellom dei to fløyane. I 1527 rauk han uklar med den mektige herren på Bergenhus, Vincent Lunge, som sende ein liten hær på 40 leigesoldatar til Sogn for å drepe Kruckow. Kruckow rømde, men garden hans vart plyndra.

Bygde seg opp att

Bygde seg opp att

Men Kruckow organiserte seg på nytt, og spela heilt til han døydde ein sentral rolle i norsk rikspolitikk. M.a. fekk han seinare også store jordeigedomar i Ringerike og Bohuslen som takk for at han hadde støtta Fredrik I i kampen om den norske kongemakta.

Ut over 1500-talet vart Kroken-godset delt opp i fleire bruk - m.a. i Indre og Ytre Kroken. Ættlingane til Kruckow eigde Kroken med tilhøyrande jordegods til kring midten av 1600-talet.

Les også om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.03.2011