Hopp til innhold
X
Innhald

Adelsfolk frå Benkestok-ætta på Jordanger

Joranger med kyrkja og gardstunet der adelsfolk frå Benkestok-ætta kom som eigarar på slutten av 1500-talet. Foto: Erling Bjørnetun.

Joranger med kyrkja og gardstunet der adelsfolk frå Benkestok-ætta kom som eigarar på slutten av 1500-talet. Foto: Erling Bjørnetun.

Garden Nedre Jordanger i Indre Hafslo kom i den norske adelsætta Benkestok si eige tidleg på 1500-talet, og på slutten av 1500-talet vart Jordanger gjort til adeleg setegard. Det var Tollef Trondsen Benkestok som fekk hand om Jordanger ved eit giftarmål med Adelus Eriksdotter frå Fet.

Folk frå Benkestok-ætta vart også på slutten av 1500-talet gifte inn i adelsætta Kruckow, som styrde og rådde på Sørheim og i Kroken ( sjå Sørheim-godset og Kroken - adelssete og kulturelt senter). Slik har Benkestok-ætta truleg fått hand om endå meir jordegods i Sogn.

Flytte til Nordland

Flytte til Nordland

I 1523 finn ein Trond Tollefson Benkestok som lensherre i Sogn, der han får hand om jorda i fem skipreider. Truleg busette han seg på garden Jordanger. Ved eit forlik med danskekongen i 1528 og den maktsjuke stattholdaren Vincens Lunge, tapte Trond Benkestok retten til å vere lensherre for Sogn og flytta til Meløy i Nordland.

I Meløy eigde han store eigedomar gjennom eit giftarmål med Anna Johnsdotter Haar frå adelsætta Gyldenløwe. Han fekk først den lågadelege tittelen væpnar, før han seinare vart riddar og rykte opp i høgadelen. Han var også eigar av eit par bygardar i Bergen, der han også var fut på Bergenhus og befalingsmann på festninga.

Saman med riksråd Johan Kruckow på Sørheim-godset allierte han seg med erkebispen Olav Engelbrektson i Nidaros i kampen for å bevare katolisismen i Noreg på 1520-talet.

Pantsett og tapt

Sonen Tord (Thor) fekk hand om fleire gardar i Sogn og Hardanger. Sonesonen Trond Tordson til Hanager (på Lista) pantsette i 1617 eigedomane sine i Luster og Hafslo til futen Anders Lauritzøn, som då budde på garden Fuhr. Eigedomane vart aldri løyste inn, og dermed var Benkestok-ætta si tid i Luster omme.

Midt på 1600-talet rådde også den søkkrike Preben von Ahnen til Bodøgaard over jordeigedomar på Jordanger.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.03.2011