Hopp til innhold
X
Innhald

Adelsgardane i Luster

Ytre Kroken har vore både adelsgard og kultursentrum. Johannes Fintoe er ein av mange kunstnarar som har lete seg inspirere av naturen her. Dette vart måla i 1819. © Rasmus Meyers Samlinger.

Ytre Kroken har vore både adelsgard og kultursentrum. Johannes Fintoe er ein av mange kunstnarar som har lete seg inspirere av naturen her. Dette vart måla i 1819. © Rasmus Meyers Samlinger.

I Luster ligg det fleire storgardar som i mellomalderen og seinare høyrde til adelsætter og embetsmenn. Dei meste kjende adelsgardane er Kroken, Sørheim, Fet og Kvam, og på Eide, Talle, Flahamar og i Solvorn budde det både embetsmenn og rikfolk.

Storfolk på Ytre Hafslo

I den islandske Landnåmaboka vert det fortalt at Aud den djupaugde kom til Island på 800-talet og rudde seg gard. Denne garden kalla ho Kvam.

Adelsgarden Fet på Indre Hafslo

På garden Fet i indre Hafslo vart det bygt kyrkje på 1200-talet, og garden var adelsgard fram til kring 1610 (i fylgje Jon Laberg). Seinare var den i lang tid eigd av m.a. futar og andre overklassefolk.

Adelsfolk frå Benkestok-ætta på Jordanger

Adelsfolk frå Benkestok-ætta på Jordanger Garden Nedre Jordanger i Indre Hafslo kom i den norske adelsætta Benkestok si eige tidleg på 1500-talet, og på slutten av 1500-talet vart Jordanger gjort til adeleg setegard.

Adelsætt på Sterri på Ytre Hafslo

I 1591 høyrer vi om ein adelsmann som kallar seg Samson Nielsen «til Størri». Han var i fylgje med 59 andre norske adelsmenn som møtte kong Christian IV i Oslo, og har på denne tida budd på garden Sterri i Hafslo. Ein gong mellom 1691 og 1600 har denne adelsmannen flytta frå Sterri til Tjugum i Balestrand, og samstundes sagt frå seg adelskapet.

Munthehuset i  Ytre Kroken. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Munthehuset i Ytre Kroken. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kroken - adelssete og kulturelt senter

I Ytre Kroken har det budd høgætta folk frå uminnelege tider, og kartograf Gerhard Munthe gjorde Kroken frå 1830-talet og utover til eit av dei viktigaste sentra for biletkunstnarar i Noreg.

Sørheim-godset

Bygda Sørheim på austsida av Lustrafjorden er i dag mest kjend som heimbygda til «konserves-familien» Lerum, men var i mellomalderen sete for ei mektig adelsætt.

Mange futegardar i Luster

På mange av dei beste gardane i Luster har det fram gjenom tida budd futar.

Storgarden Eide i Skjolden

Garden Eide i Skjolden hadde i si tid den største kornåkeren i Sogn. Frå 1629 til 1648 var garden sete for sorenskrivaren.

Sorenskrivarhuset Christiannelyst i Solvorn. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Sorenskrivarhuset Christiannelyst i Solvorn. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Sorenskrivaren budde lenge i Solvorn

Ved stranda i Solvorn ligg eit av dei største herskapshusa i Sogn. Det har halvvalma tak, og er på 2 1/2 etasje. Dette er den gamle sorenskrivargarden i indre Sogn. Sorenskrivaren i indre Sogn heldt til i Solvorn i over 150 år.

Christiannelyst

i Solvorn - sjå artikkelen Sorenskrivaren budde lenge i Solvorn.

Mogarden i Hafslo

Ved Hafslovatnet, omlag midt i det noverande Hafslo sentrum, finn vi storgarden Mo. Denne garden var på 1700-talet eigd av folk frå Munthe-slekta. Fram til 1764 var Mo eigd av kaptein Gerhard Christofferson Munthe, som då let den gå i byte for storgarden Ytre Kroken - sjå: Kroken - adelssete og kulturelt senter.

Hafslo sentrum, der den tidlegare storgarden Mo låg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hafslo sentrum, der den tidlegare storgarden Mo låg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.03.2011