Hopp til innhold
X
Innhald

Adelsgarden Fet på Indre Hafslo

Fet med kyrkja midt i biletet. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Fet med kyrkja midt i biletet. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

På garden Fet i indre Hafslo vart det bygt kyrkje på 1200-talet, og garden var adelsgard fram til kring 1610 (i fylgje Jon Laberg). Seinare var den i lang tid eigd av m.a. futar og andre overklassefolk.

Steinhall på Fet?

Museums-mannen Gert Falch Heiberg og andre fagfolk har skrive at det på kyrkjegarden på Fet fanst eit gamalt, dekorert kistelok av stein frå mellomalderen. Dette skal ha lege over grava til ein fut som budde på Fet, og som m.a. hadde bygt ei stor steinhall av kleberstein der.

Ein gotisk portal skulle vere mura inn i ein kjellarmur på Fet. - Det er også visse ting som tyder på at mannen som låg i denne grava ikkje var fut, men ein mann frå ei adelsætt som på den tida heldt til på Fet:

I Dale kyrkje i Luster hang nemleg eit våpenskjold med ei lilje med to kruner over. Dette kan ha vore skjoldet til adelsmannen Andres som var gift med fru Ingebjørg Jonsdotter på Fet. Ho budde på Fet kring 1309 og var gift i tur og orden med tre menn frå den norske høgadelen. Sjølv ætta Ingebjørg frå adelsgarden Kvåle i Sogndal.

Gravminne på Fet. © Fylkesarkivet.

Gravminne på Fet. © Fylkesarkivet.

Adelsfolk frå Smørhatt-ætta på Fet

Hundre år seinare bur det ei adelskvinne som vert kalla Kristine Taraldsdotter Smørhette på Fet. Ho hadde gjennom arv og fire giftarmål fått hand om store jordeigedomar fleire stader i landet. Faren var riddar og riksråd Toralde Sigurdsson (levde kring 1388), også omtala som Toralde Smørhatt.

I 1471 budde det ein riddar som heitte Erik Andersson på Fet, og på 1590-talet adelsmannen Hans Teiste. Han kom frå ei ætt som vi seinare finn att på adelsgarden Kroken på austsida av Lustrafjorden.

Frå adel til rikmannsjord

I 1603 finn historikaren Jon Laberg ein rikmann som heiter Oluf som bur på Fet. Han kan vere ein ættling etter Hans Teiste, for han eig mykje jord kringom i Sogne-bygdene.

I åra kring 1610 er Fet ute som adelsjord, for i 1612 vert det kravd inn leiding - ein jordskatt som adelseigd jord slapp unna.

I 1616 er futen Simen Nielssen (sjå: Kroken) eigar av garden Fet. Men Nielssen bur ikkje der, for Fet vert no delt i to bruk og leigd ut, og seinare kom kjende overklasserslekter som Nitter, Reutz og Thiis Nagel som eigarar på Fet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.03.2011