Hopp til innhold
X
Innhald

Alcan-krisa 1975

Den 6. januar 1975 skreiv industriminister Ingvald Ulveseth (til venstre) og Alcan-president John Hale under avtalen om heimkjøp av Alcan-aksjane. Foto frå arkivet til Hydro aluminium.

Den 6. januar 1975 skreiv industriminister Ingvald Ulveseth (til venstre) og Alcan-president John Hale under avtalen om heimkjøp av Alcan-aksjane. Foto frå arkivet til Hydro aluminium.

Mange opplevde Alcan-samarbeidet som ein klamp om foten. Etter nei-fleirtalet i EF-avrøystinga i 1972, kom nokre år då krav om norsk sjølvråderett over både naturessursar og nøkkelindustri stod på den politiske dagsorden. Dette vart forsterka ved det som skjedde på oljefelta i Nordsjøen. Kravet om heimkjøp og ny nasjonalisering av ÅSV auka.

Etter forhandlingar leia personleg av statsminister Trygve Bratteli, kjøpte den norske staten tilbake halvparten av ÅSV-aksjane som Staten hadde selt til Alcan i 1967. Staten fekk dermed 75 prosent og full kontroll over ÅSV på nytt.

Heimkjøpet vekte politisk storm. For regjeringa Bratteli og dåverande industriminister Ingvald Ulveseth (seinare fylkesmann i Sogn og Fjordane) heldt striden på å ende med regjeringskrise:

Det nyskipa Sosialistisk Venstreparti som sat i vippeposisjon, fann ei god sosialistisk markeringssak i Alcan-heimkjøpet. Etter sterkt press frå den tidlegare kommunistleiaren Reidar T. Larsen gjekk fleirtalet i SV-gruppa inn for at Staten skulle overta heile aksjeposten til Alcan. Gruppeleiaren Finn Gustavsen var imot, ikkje minst fordi fagforeiningane i ÅSV hadde støtta «Bratteli-avtalen» om 75 prosent. Statsminister Bratteli stilte kabinettspørsmål. Hadde ikkje SV i siste liten stilt sine representantar fritt og Finn Gustavsen brote ut av SV-gruppa og stemt for avtalen, hadde Bratteli -regjeringa gått av på Alcan-saka.

Fagforeiningane i Årdal og leiinga i ÅSV dreiv aktivt med lobbyverksemd for å fortelje stortingspolitikarane kor viktig det var å få kjøpt heim att aksjar frå Alcan. Her er det møte med representantar for SV, som kom til å spele ei svært sentral rolle i saka. Magne Måren (med briller) representerte dei fagorganiserte i Årdal. Til venstre for han sit Finn Gustavsen, og heilt til høgre står Reidar T. Larsen.  Foto frå arkivet til Hydro Aluminium.

Produksjon av valsetråd i Øvre Årdal. Foto frå arkivet til Hydro Aluminium.

Produksjon av valsetråd i Øvre Årdal. Foto frå arkivet til Hydro Aluminium.

Investering i støyperi og valseverk

Etter heimkjøpet stod ÅSV friare til å satse på vidareforedling. Andre sognebygder hadde tidlegare fått sitt: Vik Verk kom i drift i 1969.

I 1972 hadde den nye Slugfabrikken i Høyanger erstatta tapte arbeidplassar då oksydverket der vart lagt ned. Høyanger fekk også Felgfabrikken Fundo i 1973. No var det Årdal sin tur: I 1978 vart det starta eit støyperi og valseverk for aluminiumstråd i Årdal. Planen var at trådvalseverket skulle vekse til ein stor arbeidsplass, men kom berre opp i 22 tilsette, og vart lagt ned i 2001.

Tya støyperi i Øvre Årdal vart bygt i 1972. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tya støyperi i Øvre Årdal vart bygt i 1972. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 28.04.2011