Hopp til innhold
X
Innhald

Alders- og sjukeheim i Naustdal

Naustdal sjukeheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Naustdal sjukeheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Naustdal Sykepleieforening vart skipa 1918 etter initiativ frå Anna Bydal og Helga Kleiva. Første åra arbeidde dei for å få helsesyster til bygda.

Sykepleieforeiningar vart også skipa i Horstad, Fimland og Midtredalen. Foreningane endra namn til Naustdal Helselag, som starta drift av aldersheim i 1948 i leigde lokale , og bygde ny aldersheim i 1960. Den fekk eiga sjukeheimsavdeling i 1975. Kommunen tok over drifta i 1979.

Les også om: Helsestell i Naustdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.12.2010