Hopp til innhold
X
Innhald

Alders- og sjukeheimar i Stryn

Stryn omsorgssenter, bygt i 1979 og seinare utvida og ombygt. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stryn omsorgssenter, bygt i 1979 og seinare utvida og ombygt. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stryn kommune har alders- og sjukeheimar både i Innvik, Olden og Stryn sentrum.

Stryn gamleheim

vart bygd på Tonning av Stryn Gamleheimsforening (sjå denne under Lag og organisasjonar i Stryn) i 1955. Foreninga hadde 200.000 i startkapital, derav ei gåve på 100.000 kroner frå disponent Ivar M. Sandvik i Nordfjord og Sunnmøre Billag. I 1979 vart det bygt ny alders- og sjukeheim like ved, og denne har seinare vorte utvida.

Tidlegare Stryn gamleheim, bygd i 1955. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tidlegare Stryn gamleheim, bygd i 1955. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Olden Helsetun

vart bygd i 1986 etter stor innsats av Olden Raude Kross. Femteparten av kostnaden var skaffa til veges med innsamling og dugnad. Kring helsetunet har Sjøtun Burettslag bygd 20 eldrehusvære.

Innvik Gamleheim

vart starta på slutten av 1950-talet då Innvik kommune kjøpte eit hus frå lærar Lars Reed like ovanfor sentrum. Ut frå denne aldersheimen har ein sidan slutten av 1970-talet bygd ut Vikane omsorgssenter som har plass til 38 pleiepasientar. I tillegg er det bygt 18 eldrebustadar ved omsorgssenteret.

Vikane omsorgssenter

– sjå Innvik Gamleheim.

Omsorgsbustader i Innvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Omsorgsbustader i Innvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.03.2011