Hopp til innhold
X
Innhald

Alders- og sjukeheimen på Sande

Gaular bygde- og sjukeheim på Sande. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gaular bygde- og sjukeheim på Sande. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den første aldersheimen på Sande starta i 1937 med 20 plassar. Den heldt til i eit hus som tidlegare hadde vore lensmannsgard, jenteskule og pensjonat.

På garden Haugland aust for Sande vart det opna ein liten aldersheim i 1960. Mykje av drifta på Haugland var ”eigenfinansiert” ved at garden heldt seg med eigne husdyr til mjølk og kjøt, og dyrka poteter og grønsaker til eige forbruk.

I 1977 vart Gaular bygde- og sjukeheim bygd like ved kyrkja på Sande. Heimen vart utvida i 1988, og i 2001 vart det bygd 18 omsorgsbustader like ved. I 2003 vart Gaular bygde- og sjukeheim ombygd slik at den fekk 41 einmannsrom. I 2007 vart det bygd åtte nye omsorgsbustader på Sande.

Seks eldrebustader på Liatun i Bygstad vart tekne i bruk i 1984 etter at Nikolai Lien i 1948 hadde testamentert garden Indrelia til Bygstad helselag.

I Viksdalen vart det bygt fire omsorgsbustader på Hellebustneset i 1986, men desse vart lagde ned i 2007.

Gaular kommune hadde i 2007 totalt plass til 73 eldre og sjuke på sjukeheim og i eldrebustader.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 23.09.2010