Hopp til innhold
X
Innhald

Aldersheim og sjukestove i Sogndal

Aldersheimen på Stedje vart opna i 1921. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Aldersheimen på Stedje vart opna i 1921. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Planar om privat aldersheim

I 1913 hadde Torstein Kristensson Loftesnes planar om å byggje ein privat aldersheim på garden sin, men dette vart ikkje noko av. I staden vart den første gamleheimen starta på Stedje i 1921.

Christine Leigh´s Reconvalecenthjem

I 1914 vart "Christine Leigh's Reconvalecenthjem" for kvinner bygd på garden Arvål. Denne heimen var skipa på eit legat der pengane kom frå testamentet etter Anne Margrethe Louise Leigh Rønneberg (sjå denne). Ho var gift med sakførar Oluf A.Rønneberg som budde på garden Arvål. Ho gav elles pengar til ein park i bygda og sette opp eit legat for utdanningssøkjande ungdom. Det var også pengar etter fru Rønneberg som kom til nytte då aldersheimen på Øvre Stedje vart starta. Christine Leigh's Reconvalecenthjem hadde plass til inntil 12 pensjonærar og vart driven av Bergen Diakonissehjem frå 1915 til 1940.

Aldersheimen på Øvre Stedje

Frå 1894 dreiv systrene Anna Christiane og Amalia Lem eit pensjonat i eit stort hus på Øvre Stedje. Dette overtok Peder J. Næss i 1908. Men då Næss kjøpte det gamle gjestgiveriet på Hofslund og bygde Hofslund Hotell, baud han ei nemnd som arbeidde for ny aldersheim i bygda å få overta huset på Øvre Stedje for 30.000 kroner. Det var sokneprest Bodvar Fredrik Johs. Brochmann som hadde teke opp gamleheimsaka. Ei bygdeinnsamling gav 5.000 kroner til gamleheimen, ei seinare innsamling 6.000, og med 6.000 kroner etter Anne Margrethe Louise Leigh Rønneberg (sjå ovanfor om Christine Leigh's Reconvalecenthjem) og eit lån på 8.000 kroner frå sparebanken fekk ein kjøpt eigedomen på Øvre Stedje i 1916. Det tidlegare pensjonatet vart utvida slik at aldersheimen kunne ta 42 pensjonærar då den opna i 1921. På Øvre Stedje, som ved mange andre aldersheimar i fylket på den tida, var ein så godt som sjølvhjelpte med jordbruksvarer frå gardsbruket som høyrde til eigedomen. Dei mest helsesterke pensjonærane hjelpte til i gardsarbeidet. Huset på Øvre Stedje var i bruk som aldersheim fram til 1981.

Det tidlegare helsehuset på Arvål, no Sogndal velferdssenter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Det tidlegare helsehuset på Arvål, no Sogndal velferdssenter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sjukestove og pleieheim på Arvål

I 1943 tok sjukepleielaget opp arbeidet for å skaffe bygda ei sjukestove. Frå 1951 leigde helselaget heile eigedomen til tidlegare Christine Leigh's Reconvalecenthjem (sjå ovanfor). Dei pussa opp huset og bygde på fram til 1955, då helsedirektør Karl Evang kom til Sogndal for å halde opningstalen for den nye pleieheimen. Pleieheimen vart frå den tid helsehus og sjukestove for bygda fram til 1981. No inneheld huset mellom anna velferdssenter for eldre i Sogndal.

Sogndal alders- og sjukeheim

På 1960-talet tok kommunen opparbeidet med å få reist ein ny aldersheim i bygda. I 1981 flytta Stedje Aldersheim og sjukestova saman i nybygg i Skulevegen under namnet Sogndal alders- og sjukeheim. I 2003 vart tilbodet redusert og omdøypt til Sogndal omsorgssenter med sjukeheimsavdeling.

Sogndal omsorgssenter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogndal omsorgssenter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.01.2010