Faktaboks

Administrasjonssenter
Sande i Sunnfjord
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Sogn og Fjordane)
Innbyggjartal
3 027 (2019)
Landareal
540 km²
Høgaste fjell
Geitebotsfjellet (1359 moh.)
Innbyggjarnamn
gaulværing
Kommunenummer
1430 (fram til 2020)

Kommunevåpen

Gaular skog med Kvamhesten i bakgrunnen.
Kart
Av /Store norske leksikon ※.
Gaular

Gaular. Råheimsdalen med Gaula i forgrunnen. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.

Plassering

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Gaular var ein kommune i Sogn og Fjordane fylke. Den vart i 2020 ein del av Sunnfjord kommune, etter å ha vorte slått saman med Førde, Jølster og Naustdal, og vart samtidig ein del av Vestland fylke. Samanslåinga var ein del av ei landsomfattande kommunereform.

Gaular er ei jordbruksbygd med den monalege lakseelva Gaula. Kommunen omfatta den inste delen av Dalsfjorden og Gaula sitt dalføre austover til Haukedalsvatnet (297 meter over havet), og dessutan sidedalen Eldalen.

Grensene til kommunen var uendra frå 1838 til 1990, då eit område på nordsida av Dalsfjorden aust for Dale i Fjaler, Hestad, vart overført til Gaular. Før 1910 heitte kommunen Indre Holmedal.

Natur

Berggrunnen i Gaular består i hovudsak av gneis som tilhøyrer Gneisregionen. Ved sørenden av Haukedalsvatnet finst dessutan kaledonsk gabbro. Heilt i nordvest opptrer vidare devonsk sandstein og konglomerat. Devonbergarten dannar Kvamshesten på 1209 meter og Blegja på 1304 meter over havet på grensa til Askvoll. I overgangen mellom devonavsetjingane og den eldre gneisen finst ei smal stripe med kambrosilurisk skifer.

Dei devonske avsetningane tilhøyrer devonfeltene på Vestlandet. Dei er svært motstandsdyktige mot erosjon, som forklarer Kvamshesten sitt nakne, golde preg og dei bratte skrentane i overgangen til skiferområdet. Elles i den tidlegare kommunen er det meir avrunda fjellformasjonar. Fjella i gneisområdet når over 1000 meter over havet aust for Viksdalsvatnet. Høgast er Skardfjell og Geitebotnfjell sør for Eldalsdalen, på grensa mot Høyanger, som begge ragar 1354 meter over havet.

Etter vestlandsforhold er det monalege skogområde i dalane, og over halvparten av skogen er barskog. Den tidlegare kommunen har to våtmarksreservat, Skilbreivatnet og Espelandsvatnet. Dessutan finst Hestad landskapsvernområde.

Busetjing

Gaular vart svært tidleg busett. Det er gjort fleire funne frå forhistorisk tid, mellom anna frå steinalderen. Bygda er kjend frå vikingtida gjennom jarlesetet Gaulum ved Osen inst i Dalsfjorden.

Grunnlaget for dagens busetjing gjekk i hovudsak føre seg i mellomkrigstida. Busetjinga i den tidlegare kommunen fordeler seg med om lag ein tredel ved fjorden og rundt fjordbotnen, og to tredelar i Gaula sitt dalføre med sidedalar. Bygda Bygstad ligg ved fjorden. Sande, som var administrasjonssenteret til kommunen, ligg ti kilometer ovanfor fjordbotnen. Dette er den tidlegare kommunens einaste tettstad.

Næringsliv

Gaular har eit lunt klima og er ei viktig jordbruksbygd. Storfe- og sauehaldet er særleg viktig ved sida av laksefiske i Gaula. Gaula er ei monaleg lakseelv, som er utbygd med laksetrapper. Industrien er beskjeden. Forutan meieri i Bygstad finst noko trevareindustri og sagbruk for skurtømmer.

Gaular var ein liten kraftkommune med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 28 gigawattimar (GWh) i 2016. Det var ved tidspunktet for kommunesamanslåinga åtte kraftverk i kommunen. Gaularvassdraget er vedteke verna mot kraftutbygging etter Verneplan IV.

I januar 2016 var arbeidsløysa på 2,4 prosent.

Samferdsel

Gaular har samband vestover til Dale i Fjalerriksveg 610/57, og nordover til Førde og vidare til Nordfjord på E39. Mot sør er det samband med Vadheim på E39 og mot søraust til Balestrand i Sogn over GaularfjelletRiksveg 13. Førde lufthamn ligg på Bringelandsåsen nord i den tidlegare kommunen.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Gaular høyrde til Vest politidistrikt, Fjordane tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen var med i regionrådet Samarbeidsforum i Sunnfjord saman med Flora, Førde, Jølster og Naustdal.

Gaular kommune svarer til soknet Gaular i Sunnfjord prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Gaular til Sønd- og Nordfjord fogderi i Nordre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Gaular

For statistiske formål var Gaular kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til sammen 17 grunnkrinsar: Øvrebotten, Eldal/Mjell, Viken, Hestad, Skudal, Senneseth, Steien, Sande, Sygna, Lunde, Skilbrei/Hjelmeland, Lien, Kvamme, Osen, Birkeland og Kårstad.

Historikk og kultur

Det er gjort funn frå steinalderen, og Gaular er kjent frå vikingtida, gjennom jarlesetet Gaulum. Hestad kapell i Viksdalen var opphavleg stavkyrkje frå 1327. Stavkyrkja vart riven og bygd opp igjen som kapell i 1805 med delar av dei same materiala. Kapellet ligg i Hestad landskapsvernområde. Sande kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1864 med altertavle opphavleg frå 1620.

Viksdalsmaling og trehusflid var lokalt viktige næringar i Gaular. På 1700- til 1900-talet var tønneproduksjon ei viktig næring i Gaular. I perioden 1923–1938 vart det rydda 21 småbruk i Gaular med tilskot frå Ny Jord.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet (godkjent i 1992) hadde ein stolpe i sølv danna ved taggesnitt mot ein grøn bakgrunn. Dette symboliserte elva Gaula.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Gaularsoga, utgj. av Gaular sogenemnd, 1955-68, 3 bind.
  • Losnegård, Gaute: Dalsfjordboka : frå Gaularfjellet til Bulandet, 1999.
  • Timberlid, Jan Anders: Bygdebok for Gaular, 1990-2000, 6 bind (bind 1-3: Kultursoge).

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg