Hopp til innhold
X
Innhald

Alpint på Strynefjellet frå 1937

Frå 1937 har det årlege Strynefjellsrennet i alpint vorte arrangert på Tystigen, der Stryn Sommarskisenter no ligg. Rennet sanka tidlegare norske- og utanlandske toppalpinistar.

Strynefjellsrennet vart alt frå starten av sponsa av Nordfjord og Sunnmøre Billag og andre «reiselivsbedrifter» i Stryn. Dette var første kjende sponsing av idretten frå næringslivet i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.09.2008