Hopp til innhold
X
Innhald

Ambulansebåtar i Askvoll

Ambulansebåten ved kai i Askvoll. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ambulansebåten ved kai i Askvoll. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den veglause Askvoll-halvøya med eit stort øyrike utanfor var heilt avhengig av båt for lege- og ambulanseoppdrag. Fram til 1967 var det private skyssbåtar som utførte dei fleste skyssoppdraga for helsetenesta. I 1967 fekk Askvoll kommune bygd ambulansebåten ”Askvoll” hjå Brødrene Aa i Hyen. Askvoll Sanitetsfoening og Askvoll Røde Kors skaut inn pengar i båtkjøpet. Båten vart også nytta til skuleskyss.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.06.2010