Hopp til innhold
X
Innhald

Amerikafeber i Sogndal og Fjærland

Utvandring frå Sogndal til Amerika

Utvandring frå Sogndal til Amerika

Dei første utvandrarane frå Sogndal var to unge menn frå Bjørk og Amla som emigrerte i 1844. Sidan heldt utvandringa til Amerika fram i ein jamn straum heilt til 1918, då det stilna av. I alt utvandra 3190 personar frå dåverande Sogndal kommune (Fjærland er utanom) til Amerika.

Toppåra var 1862 med 141, 1874 med 182 og 1883 med 140 utvandrarar. Den sterkaste utvandringa kom frå Sogndalsfjøra, men også frå gardane Fimreite, Barsnes og Kvam var det svært stor utvandring.

Utvandring frå Fjærland til Amerika

Utvandring frå Fjærland til Amerika

Midt på 1800-talet hadde også Fjærland stor utvandring til Amerika. Frå 1840 til 1870 fann over 350 fjærlendingar vegen over dammen: 1840-1849 utvandra 88, 152 mellom 1850-1859 (70 av desse kom frå smågardane utmed Fjærlandsfjorden), og i tida 1860-1869 vandra 213 ut frå Fjærland.

Visepresident ættar frå Fjærland

Den mest kjende amerikanaren av Fjærlands-ætt er tidlegare visepresident Walter Mondale, som vitja ættebygda i 1979 medan han var visepresident, og seinare kom tilbake i 1986 for å opne Kampen om tverrsambandet.

Sogndøler som hamna i Minneapolis har teke turen til fotografen  og sendt biletet heim. Mannen bak rattet er Lars L. Åberge, til høgre i baksetet sit Lars Vangestad. Dei to andre manglar vi namn på. Ukjend fotograf. Eigar: Sogndal Sogelag/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sogndøler som hamna i Minneapolis har teke turen til fotografen og sendt biletet heim. Mannen bak rattet er Lars L. Åberge, til høgre i baksetet sit Lars Vangestad. Dei to andre manglar vi namn på. Ukjend fotograf. Eigar: Sogndal Sogelag/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.08.2011