Hopp til innhold
X
Innhald

Amla-gardane

Hovudbygningen i Øvre Amla - Amble gård. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hovudbygningen i Øvre Amla - Amble gård. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Heiberg-slekta har vore knytt til Amla-gardane sidan 1690. Den første Heiberg som kom dit, kjøpte ein forholdsvis beskjeden gard, men frå 1722 vart store jord- og skogvidder lagt til då folk som no hadde flytta ned til garden Nedre Amla ved fjorden selde unna eigedomane sine i øvre del av bygda.

Gardane i øvre og nedre Amla har mykje felles historie, og er også knytt sterkt saman med historia til Kaupanger Hovedgård:

Same eigar i Amla, Stedje og Kaupanger

Gardane i Amla var midt på 1600-talet eigd av den rike adelsmannen og riksråden Iffuer (Iver) Wind, som også hadde hand om Kaupanger og Stedje-godsa.

Heibergane kjem til Amla

I 1690 selde Anders Feddersen garden Lillejorden til sorenskrivar Gert Anderssøn Heiberg, som dermed vart stamfar til Heiberg-slekta i Amla. Men før Heiberg-godset tok den form og storleik som det har i dag, var det Klingenberg-slekta som rådde over det meste av jordvegen i Amla.

Øvre Amla som bustad for amtmannen

Etter at Michael Falch og kona Mette Marie Heiberg på 1720-talet hadde samla dei store eigedomane i Øvre Amla, heldt dei fram med å sanke jordisk gods. I 1852 var det Hans Knagenhjelm Heiberg som sat med garden, men då han kom att frå militærteneste var huset ribba.

Namnet på museet i gavlveggen på museumsbygningen frå 1905. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Namnet på museet i gavlveggen på museumsbygningen frå 1905. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Museumsbyggjarane Heiberg

Men Hans Knagenhjelm Heiberg vart korkje rådlaus eller motlaus. Han sette i gang for å samle mest mogeleg av dei tapte familieklenodia tilbake til garden. Han skipa «Det Heibergske Portraitgalleri paa Amblegaard». Men samleiveren gjekk langt vidare enn til å sanke tilbake det som var flytta frå garden, og til slutt var det fullt frå loft til kjellar.

De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

I 2003 har museet ei samling av kring 50 antikvariske hus og kring 50.000 gjenstandar. Biblioteket innheld 30.000 bøker. De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum er eit av dei største musea på Vestlandet.

Folk frå Amla dreiv Grønlands-handel

På 1700-talet var det fleire medlemer av dei velståande slektene Klingenberg, Falch og Heiberg i Amla som reiste til Grønland for å drive handel.

Amla-steinen

Amla-steinen

På tunet i Øvre Amla står ein bautastein som vart funnen like aust for gardstunet.

Les også om: Adels- og embetsgardar på rekkje og rad

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.08.2011