Hopp til innhold
X
Innhald

Amma ”besovet” av feil mann

I gamle dagar var det vanleg at fattige kvinner gjorde seg næring av å vere ammer for borna til rikfolket både i bygd og by. Mange mødre, gifte som ugifte, reiste til Bergen og arbeidde der som ammer. Særleg var dette utbreidd i Sunnfjord-bygdene.

Anne Lunde frå Innvik fekk i 1659 eit barn utanfor ekteskap. Brystmjølka gjorde at ho fekk arbeid som amme for speborna til presten i Innvik. I 1669 spurde ho og kjærasten Oluf Mattisson Kårstad prost Absalon om han kunne hjelpe dei å søkje amtmann og bisp om dei kunne få trulove seg. Det ynskjet kunne prosten såvisst innfri, for Anne hadde skikka seg vel som amme, og Absalon hjelpte gjerne til med «hendes Forfremmelse».

Men tre dagar før trulovinga skulle formelt stadfestast kom det fram at det slett ikkje var kjærasten Oluf som hadde «besovet» Anne ti år tidlegare, men derimot tremenningen til Oluf. Slikt vert det forviklingar av, men det enda likevel med at Anne og Oluf fekk forlove seg mot å betale 10 riksdalar i bot til «spitalet» som straff for det som hadde hendt med Anne 10 år tidlegare.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.09.2018