Hopp til innhold
X
Innhald

Ammene frå Sunnfjord

Dei sunnfjordske ammene måtte i tillegg til amminga passe på borna til dei kondisjonerte Bergens-borgarane.

Dei sunnfjordske ammene måtte i tillegg til amminga passe på borna til dei kondisjonerte Bergens-borgarane.

Dei sunnfjordske ammene måtte i tillegg til amminga passe på borna til dei kondisjonerte Bergens-borgarane.

Dei sunnfjordske ammene måtte i tillegg til amminga passe på borna til dei kondisjonerte Bergens-borgarane.

Sunnfjord Museum ved Movatnet i Førde er bygd på den gamle husmannsplassen Movik, som låg under storgarden Mo (jordbruksskule). Like ved E39 er dei gamle husa på plassen tekne vare på. Husmannskona som budde her tidleg på 1800-talet heitte Marte Movik (1813–1905). Då ho fødde det første barnet, reiste Marte til Bergen, og vart der i 11 år – som amme.

På 1700-og 1800-talet var Sunnfjord-bygdene, særleg langs Dalsfjorden og i Gaular, «hovudleverandør» av ammer til Bergen. Her fødde dei opp spebarna til dei kondisjonerte, fordi frua i huset ikkje ville ta bryet med å amme borna sine sjølv. Sin eigen nyfødde måtte ammene som oftast late att heime. Så lenge Sunnfjords-ammene gav mjølk, vart dei kalla «våt-ammer». Når byungane var avvende, heldt ammene gjerne fram som barnejenter – eller «tørr-ammer». Skikken med ammer var også utbreidd mellom embetsfolk og andre kondisjonerte som budde kringom på bygdene. Ordninga var vanleg heilt til kring 1900.

Lærte golvvask

Når ammene vende heim, tok dei med seg nye skikkar for hushald - m.a. at ein skulle vaske golva. Golvvask og anna reinhald var nemleg uvanleg i dei fleste bondestover til langt ut på 1800-talet, skriv sosialantropologen Eilert Sundt.

Les også:

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.09.2018