Hopp til innhold
X
Innhald

Amtssjukehuset i Sogndalsfjøra

Sjukehuset vart bygt i 1819, og tente også som «amtssjukehus» fram til 1838. Det kan sjå ut som eit lyspunkt at det midt oppe i den armodslege husklynga i Sogndalsfjøra også fanst eit «sjukehus». Men historia til dette sjukehuset er mørk.

Huset tente som såkalla «radesjukehus» - dvs. eit sjukehus for folk med kjønnssjukdomar. Her heldt folk med den dødelege sjukdomen syfilis til - og truleg andre ulekjande sjuke.

At nett eit slikt sjukehus for kjønnssjukdomar vart plassert i Sogndalsfjøra, kan tyde på at staden også husa prostituerte. Det var nokså vanleg, skriv Ivar Aasen i 1843, at. «Pigerne have to-tre eller fire Børn førend de bliver gifte; Enkerne faae Børn ligesaavel efter deres Ægteskab som i samme».

Første «fylkessjukehuset»

Første «fylkessjukehuset»

Det første «sjukehuset» i Sogn og Fjordane var altså bygt i Sogndalsfjøra i 1819, og låg omlag der K-senteret seinare vart bygt på Fossetunet. I 1838 drøfta fylkestinget nybygg. Fleire lokaliseringar vart nemnde: Bøfjorden og Leirvik i ytre Sogn - Førde og Dalsfjorden i Sunnfjord. Torgeir Nes frå Luster kom med framlegg om å byggje eit «lasaret» på Flahamar ved Lustrafjorden.

Men etter tilråding frå amtmannen/fylkesmannen enda ein opp med eit vedtak om å sende pasientane til «Bergens civile Sygehus». Distriktsmotsetningane var alt då merkbare i det unge fylkestinget, og fylkesmannen valde å tilrå den «nøytrale» Bergens-løysinga! Sjukehuset i Sogndal vart samstundes lagt ned. Ordførar Fredrik Christian Juell frå Sogndal gjorde i 1842 framlegg om å byggje eit nytt sjukehus i Sogn, men nådde ikkje fram.

Les meir om: Helsestellet i Sogndal

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.08.2011