Anders I. Øygard

Privat foto
Anders I. Øygard (1924-1993) frå Fjærland. Bonde og breførar.
Han gjorde over 1200 turar som breførar på Jostedalsbreen, og var m.a. breførar for dronning Sonja ved fleire høve.
Øygard fekk i 1954 bygt ei steinhytte ved Flatbreen - Flatbrehytta - i 1200 meters høgde etter at han sjølv hadde bore det meste av materialane opp på ryggen.
Tildelt «Den gylne isskrue» og fleire utmerkingar frå Den Norske Turistforening.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 30.08.2011