Hopp til innhold
X
Innhald

Anleggsstaden Høyanger

Høyangsfjorden før staden vart snudd opp ned i 1916.

Høyangsfjorden før staden vart snudd opp ned i 1916.

Den 28. februar 1916 kom seks svenske og to norske rallarar roande inn Høyangsfjorden. Med dei kom den nye tida.

På få veker vart den fredelege bygda endra, skriv Sjur Dale:

«Eventyret byrja med kaos. Menneskemylder kvar ein vende seg, frå fjøra til fjell. Skot og skrell, dunder og drøn small mellom berg og brun. Folk kom og folk fór. Nye andlet til dagen. Folk her og folk der. Det vart opp ned på alt som dei fekk under hand. Dei skipla og snudde, velta og vende kvar dei kom, utan meining og mål, til ei meiningslaus myrje, såg det ut for. Fyll og fanteferd, drykk og dragsmål, skrik og skjenn og slagsmål. Det var ikkje folkevis å fara so her i grenda. Men opp or kaos steig kosmos. Gjennom skodda tok me til å skimte dei fyrste konturar av eventyret.»

Slik såg det ut i Høyanger i 1917 etter eitt års anleggsarbeid. Foto frå arkivet til Høyanger Verk.

Slik såg det ut i Høyanger i 1917 etter eitt års anleggsarbeid. Foto frå arkivet til Høyanger Verk.

I den første anleggstida var det knapt med husrom: Seks norsk-amerikanarar vart innlosjerte i ein stall på 37 kvadratmeter. Der måtte dei både sove og stelle seg med mat!

I løpet av eit års tid hadde 1200 anleggsfolk bygd kraftstasjon, aluminiums-fabrikk, elektrodefabrikk, bustader og forsamlingshus for arbeidarar og ingeniørar (sjå bilete nedanfor).

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.07.2009