Hopp til innhold
X
Innhald

Arbeidarlag og streik

Anleggsarbeidarane som budde i brakke 10 fotograferte saman med kokkene i 1923. Ukjend fotograf. Foto frå Bygdebok for Årdal.

Anleggsarbeidarane som budde i brakke 10 fotograferte saman med kokkene i 1923. Ukjend fotograf. Foto frå Bygdebok for Årdal.

Frå to kroner dagen i 1910 steig dagløna på anlegga til åtte kroner i 1917. I tillegg fekk arbeidarane gratis brødmerke frå A/S Tyinfaldene. Dei som hadde mange barn, kunne såleis «tene» meir på brødmerka enn i dagløn. Mange var tilreisande, profesjonelle anleggsbusar og rallarar heilt frå Sverige, men storparten av anleggsstyrken kom frå Årdal.

Øvre Årdal Arbeidsmannsforening vart skipa i 1916 etter initiativ frå ein anleggsbus frå Røros, Peder Jakobsen. Han budde i Solvorn og vart første formann i laget. Foreininga fekk 60 medlemer det første året og skipa til 1. mai-arrangement i 1917.

Dei som drygde lengst med å melde seg inn var årdølene sjølve. Arbeidsmannsforeninga passa på at Tyinfaldene betalte skikkeleg for akkordane, og lønene på Tyin-anlegga låg langt over det folk kunne tene på anna arbeid i Sogn i denne tida. Og skorta det på samarbeidsviljen, vart det streik: Då Tyinfaldene i 1918 nekta å gå med på foreninga sine krav om minsteløn og tariffbetaling, vart det storstreik. Den varte i over eitt år. Ein av grunnane til at den vart så langvarig, var at konflikten høvde godt inn i Norsk Hydro sin uthalingstaktikk for anlegget (sjå: «Årdal vert salderingspost i Hydro»).

Då nedgangstidene kom på 1930-talet, gjorde Arbeidsmannsforeninga ein stor innsats for å hjelpe dei arbeidslause til nytt arbeid.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.04.2011