Hopp til innhold
X
Innhald

Arbeidsleir med Feios-champagne

Mindre kjend enn den internasjonale arbeidsleiren for ungdom på Vikafjellsvegen i 1948-1949, var ein arbeidsleir i FN-regi i Feios i 1957.

I juli dette året samla 19 gutar og 12 jenter frå Asia, Afrika og Europa seg til ein tre vekers arbeidsleir i Feios. Her bygde dei 450 meter veg til eit nytt skogreisingsfelt i dalen. Under avslutningsfesten hadde dei fått smake på sognaølet - ein populær drikk som dei kalla «Feios-champagne».

Sjå også under «Krigshistoria i Vik» om skogsrekruttskulen, som planta ut 200.000 grantre i Vik i 1939.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.10.2008