Hopp til innhold
X
Innhald

Armoda førde til hudfletting

I 1775 måtte den lutfattige Salomon Salomonsson frå Bremnes møte i retten fordi han hadde stole ei fiskeline frå eit naust på Sande.

Han freista å be for seg ved å forklare korleis det stod til heime: Foreldra var døde, kona låg sjuk til sengs på tredje året, og Salomon hadde elles ein handikappa og seks små born å brødfø. Men retten var nådelaus: Salomon vart dømd til «at miste sin hud» - dvs. verte piska til han mista huda på ryggen. Dessutan måtte han betale bot og skadeerstatning, og mista det meste han eigde.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.10.2008