Hopp til innhold
X
Innhald

Årøy-kraft og Sognekraft

Kraftstasjonen som vart bygd i Årøy under krigen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kraftstasjonen som vart bygd i Årøy under krigen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Med få unntak var dei første kraftverka svært små. For å sikre nok kraft, gjekk både Luster og Hafslo kommunar på 1920-talet inn i den såkalla Gaulasamskipnaden som skulle sikre store deler av fylket kraft ved utbygging av Gaularvassdraget i Sunnfjord.

Då dette selskapet havarerte gjekk det fleire år før Hafslo kommune på nytt gjekk inn i eit større kraftprosjekt. Det var i Årøelvi i Sogndal kommune.

A/S Årøy - Årøykraft - vart skipa i 1941 for å stå som eigar og byggjar av den nye kraftstasjonen ved Helvetesfossen i Årøyelvi. Nokre veker før hadde ein skipa Sogndal Kraftlag og Hafslo Kraftlag, og det var desse saman med det noko eldre Leikanger kraftlag som i utgangspunktet skulle vere eigarar av A/S Årøy. Men dette var under krigen, og det vart lagt større planar for Årøy: Tyskarane ville at ein stor del av Årøy-krafta skulle nyttast til drift av dei nye anortositt-gruvene - sjå: Anortositten i Kinsedal.

Vassinntaket til Årøy kraftverk ved Stupshølen i Hafslovatnet. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Vassinntaket til Årøy kraftverk ved Stupshølen i Hafslovatnet. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Det vart lagt planar for eit kraftspenn over Sognefjorden ved Solvorn, men dette vart ikkje noko av.

Utbygginga av kraftverket i Årøy starta i 1941. Både Sogndal Kraftlag og Hafslo Kraftlag fekk statstilskot til bygging av linenettet, og den første straumen frå Årøy-kraftverket vart lagt ut på det nye nettet ved årsskiftet 1943-1944.

Fleire mindre kraftstasjonar - mellom dei kraftstasjonane som Luster kraftlag dreiv - gjekk i samkøyring med Årøy.

Årøy-krafta til glede og besvær

Det utvikla seg ein bitter strid kring kraftrettane i Årøy-vassdraget i etterkrigsåra, og m.a. folk i Hafslo viste sterkt engasjement ved å samle inn pengar under striden.

Eigarkommunane vann kampen mot Staten om Årøykrafta. Sognekraft, der alle dei dåverande Lustra-kommunane Hafslo, Luster og Jostedal var medeigarar, tok seg av produksjon og distribusjon frå Årøy. I 1974 vart A/S Årøykraft formelt oppløyst og gjekk inn i Sognekraft.

Inngangen til kraftstasjonen til Årøy kraftverk. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Inngangen til kraftstasjonen til Årøy kraftverk. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.04.2011