Hopp til innhold
X
Innhald

Arrangert ekteskap

Tvangsgiftarmål var vanleg i det norske samfunnet langt inn på 1800-talet.

Hans Jakobson Høyvik frå Dalsøyra var ein av dei som skaffa seg både kone og gard på den måten. Hans hadde fått lovnad frå ein bonde både på dottera og garden, og hadde betalt 10 riksdalar i forskot. Hans flytta heim til jenta, men vart kort tid etter jaga frå både gard og seng. Men han fekk med seg pengane han hadde lagt inn i «kjøpet».

Men Hans gav seg ikkje med det, og drog i 1791 både far og dotter for retten. Her fortalde dei to at dei måtte tole både kjeft og pryl av den tilflytta beilaren før dei miste tolmodet og jaga han frå garden. Dette hadde dei vitne på, og Hans fekk ikkje noko comeback der i tunet!

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.09.2018