Hopp til innhold
X
Innhald

Askvoll Gamleheim

Askvollheimen til høgre, dagens sjukeheim i Askvoll. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Askvollheimen til høgre, dagens sjukeheim i Askvoll. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Askvoll Gamleheim på Røyset like nord for Askvoll sentrum vart bygd i 1938.
Før den tid hadde kommunen leigd huset ”Svanelunden” på handelsstaden Sauesund - sjå Handelsstaden og skysstasjonen Sauesund - som gamleheim. Gamleheimen på Røyset vart delvis finansiert ved testamentariske gåver og banktilskot. Gamleheimen vart rekvirert av tyskarane frå 1942 til 1945, og mange eldre vart sende til Stongfjorden, der dei vart innhyste i dei gamle arbeidarbustadene til aluminiumfabrikken.

Askvollheimen

Kommunen overtok Askvoll Gamleheim i 1975. Litt seinare bygde kommunen ny sjukeheim, Askvollheimen, på Prestegarden, og gamleheimsbygningen frå 1938 vart omgjort til rådhus.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.06.2010