Hopp til innhold
X
Innhald

Åtte døydde i ulukker på Fortun-anlegga

Fall utfor

Nokre av dei største kraftanlegga som har vorte bygde her i landet ligg i Fortun. Anleggsarbeidet som starta i 1956, kravde også mange liv i ulukker, sjå Fortun-utbygginga

Fall utfor

I 1958 miste ein anleggsarbeidar frå Atløy livet då han fall utfor tippen ved Nausanosi.

Lynet utløyste dynamitt

I juni 1960 miste i alt fem menn livet ved to sprengingsulukker på kraftanlegga i Fortun. Ulukkene hende då lynet slo ned og utløyste eksplosjonar i ferdiglada dynamitt i to tunnelar: I Vetledalen omkom to mann, og i Koldedalen tre. Ved den sistnemnde ulukka vart i tillegg to andre menn hardt skadde.

Omkom i eksplosjon

Omkom i eksplosjon

I august 1960 miste ein bulldosarførar livet ved ei eksplosjonsulukke på Fortun-anlegga, denne gongen i arbeidet med Herva kraftstasjon på Sognefjellet. Han kom bort i ei udetonert salve som gjekk av.

Sprengingsulukke

I 1961 miste ein anleggsarbeidar livet ved ei spengingsulukke i ein tunnel ved Rya.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 24.11.2008