Hopp til innhold
X
Innhald

Audnedal Ungdomslag

Audnedal Ungdomslag på Ålhus vart skipa 1890, men var truleg nedlagt i 1905 då Ålhus ”gamle” Ungdomslag vart skipa. Etter nokre år med liten aktivitet vart laget skipa på nytt i 1918.

I samband med denne nyskipinga fekk Ålhus Ungdomslag som gåve ein bygning som ein omreisande skreppehandlar hadde bygd på Ålhus for å drive landhandel der. I testamentet gav han bygget ”til ungdomen i bygda”. Dette vart det kjende ungdomshuset Borgja som låg like ved riksvegen. Borgja brann ned til grunnen i juni 2006. I 2011 stod eit nytt grendehus, også det med namnet Borgja, klart nokre hundre meter innover i dalen.

Borgja brenn i 2005. Foto: NRK.

Borgja brenn i 2006. Foto: NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.05.2018