Austkant og vestkant

Husa i Kloumanns Allé sett frå kaia. Eiga strandlinje var sjølvsagt for dei øvste leiarane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Byplanen frå 1917 la opp til ei klar funksjonsdeling med industri langs fjorden, handel og service på avgrensa område bak verket, arbeidarbustadene samla på Sæbøtangen, og ingeniørar og funksjonærar samla i «overklassestrøket» Parken med Kloumanns allé.

Direktørvillaen i Kloumanns Allé. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Arbeidarkomplekset på Sæbøtangen vart raskt kalla «Sing-Sing» på folkemunne. Her låg også Folkekjøkkenet, Pendenten og Slottet. Reguleringsplanen la såleis opp til klåre sosiale skiljeliner, slik som vi m.a. fann det mellom Austkant og Vestkant i Oslo.

Bygging av arbeidarbustadene Murgården på Sæbøtangen i 1916. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sæbøtangen med Slottet sett frå Kloumanns Allé i 1928. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Murgården på Søbøtangen - akvarell av Norvald Stedje.
Les også:
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 03.02.2012