Hopp til innhold
X
Innhald

Austrheimsteinen

Austrheimsteinen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Austrheimsteinen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På ein haug på Austrheim, med vidt utsyn over landskapet, står ein høg bautastein. På den flate, store steinhella er det rissa inn ein båt. I 1955 vart haugen under steinen graven ut. Det viste seg at det ikkje hadde vore ei grav der, men ein fann restar av keramikk som gjer at ein kan datere steinen tilbake til 300- eller byrjinga av 400-talet e. Kr. Det vart også funne beinrestar etter hest eller kveg.

Det er uvisst kva slag rituelle handlingar som har gått føre seg ved Austrheimsteinen, men båten på steinen kan tyde på at ein død person no skulle fraktast til dødsriket på eit skip.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.08.2015