Hopp til innhold
X
Innhald

Autoritære leiarar med fagforeiningshjelp

Skiftarbeidarar står i kø for å stemple ut på Årdalstangen i 1952. Foto: Verksposten. © Årdal Sogelag.

Skiftarbeidarar står i kø for å stemple ut på Årdalstangen i 1952. Foto: Verksposten. © Årdal Sogelag.

På verket burde no arbeidarane etter sosialdemokratiske ideal få stor innverknad i styre og råd. Men det vart ikkje slik:

På verket burde no arbeidarane etter sosialdemokratiske ideal få stor innverknad i styre og råd. Men det vart ikkje slik:

Generaldirektør Aage W. Owe sat ved hovudkontoret i Oslo, og la frå første dag opp til ein autoritær og hierarkisk leiarstil. På toppen av den lokale maktpyramiden rådde verksdirektør Dagfinn Efjestad, som i 1951 vart avløyst av den endå meir autoritære Gudmund Heggstad (sjå Ny direktør - nye tider under Høyanger kommune). Heggstad vart avløyst av Oscar Wergeland, som sat som verksdirektør for Årdal Verk frå 1955 til han gjekk av som pensjonist, 70 år gamal, i 1966. I dei første åra til Årdal Verk oppmoda personalkontoret arbeidarane om å rapportere oppover om arbeidskameratar oppførte seg ureglementert, og personalkontoret vart på folkemunne kalla «Kriminalkontoret».

Ein arbeidar passar på tapping av jern på jernverket på Årdalstangen 1. november 1956. Biletet vart teke fordi dette var tapping nr. 10.000 på jernverket, som var i drift frå 1949 til 1959. Foto frå arkivet til Hydro Aluminium.

Arbeidstidsstudiar i produksjonen og resultatløn var ein annan kjepphest for ÅSV-leiinga. Teoretikarane brydde seg lite med at arbeidarane fekk mest å gjere når ovnane slo seg vrange og produksjonen gjekk i stå!

Men direktør Owe hadde ryggdekning for den tøffe leiarstilen i styret, og fekk dessutan hjelp frå Youngstorget når det var fåre for at nokon kunne knuse ruter i det «sosialdemokratiske utstillingsvidauget» i Årdal:

Fasaden var ikkje akkurat prangande dei første åra. Administrasjonen til ÅSV heldt til i ei tyskarbrakke på Årdalstangen til 1954. Foto: Verksposten. Eigar: Årdal Sogelag.

Fasaden var ikkje akkurat prangande dei første åra. Administrasjonen til ÅSV heldt til i ei tyskarbrakke på Årdalstangen til 1954. Foto: Verksposten. Eigar: Årdal Sogelag.

I 1954 tok ÅSV i bruk dette administrasjonsbygget på Årdalstangen. På folkemunne vart det kalla Glashuset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 1954 tok ÅSV i bruk dette administrasjonsbygget på Årdalstangen. På folkemunne vart det kalla Glashuset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Youngstorg-kontroll over fagrørsla

Bryggja det opp til lokale konfliktar, spela den mektige fagforeiningsbossen Karsten Torkildsen i Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund på Youngstorget på lag med Owe & co. Når Årdals-arbeidarane sett fram krav om auka løn, bad han dei om å moderere seg. Argumentet hans var at dette var Statens og folkets eiga mønsterbedrift som måtte vernast om. Ein streik ved Årdal Verk ville verte som å streike mot sine eigne. Såleis var styremaktene raskt ute med tvungen lønsnemnd mot ein streik på rujernsverket på Tangen i 1956.

Argumentet var at arbeidsstans ville føre til valutatap og skade den nasjonale økonomien. Den same argumentasjonen om å vise ansvar for nasjonen låg på lur kvar gong det spissa seg til i aluminiumshallane i Øvre.

Arbeidet i elektrolysehallane på 1950-talet med opne omnar var hardt. Det var varmt og røykfylt, og kampen for eit betre arbeidsmiljø vart etter kvart ei av dei viktige oppgåvene til fagforeiningane. På dette biletet tek ein arbeidar bluss på ein Søderberg-omn rundt 1960. Det føregjekk ved at ein slange med trykkluft vart ført under anoden. Foto frå arkivet til Hydro Aluminium.

Årdal Verk bygde tidleg eit gjestehus der dei kunne ta imot prominente gjester. Foto: Verksposten. © Årdal Sogelag.

Årdal Verk bygde tidleg eit gjestehus der dei kunne ta imot prominente gjester. Foto: Verksposten. © Årdal Sogelag.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 02.05.2011