Hopp til innhold
X
Innhald

Avlatspresten stupte i vatnet

Ein grisk prest på Nordfjordeid fann under Svartedauen på ein glup ”forretningidé”: Han rodde opp til Hornindal for å love honndølene at berre dei gav frå seg skøyta på garden, så skulle han syte for at dei ikkje hamna i Skjerselden og i Helvete. Det er tydeleg at honndølene let seg truge av presten, for på veg nedover vatnet att etter utførd gjerning, reiste presten seg i båten og ropte ut: - Hornindal, no er du min! Men i det same miste han balansen, ramla i vatnet og drukna.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.09.2018