Hopp til innhold
X
Innhald

Avretta for blodskam

Ortneset ved Brekke, der Ingeborg Guttormsdotter Yndesdal vart avretta.. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ortneset ved Brekke, der Ingeborg Guttormsdotter Yndesdal vart avretta.. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den som fekk barn utanfor ekteskap eller hadde seksuell omgang med syskenbarn, fekk harde straffer i gamle dagar. Menn vart sende på tvangsarbeid ved militære festningar eller i kongens gruver, medan kvinnene oftast vart forviste til tvangsarbeid i fiskeværa i Nord-Noreg.

Mang ein «syndar» tapte hovudet under øksa til skarprettaren. I 1695 vart Ingeborg Guttormdotter Yndesdal dømd til døden for blodskam (seksuell omgang) med stefaren Lasse Olsson. Lasse vart dømd frå kone og heim, men hadde rømd etter å ha fortalt kona om kva dei dreiv med. Ingeborg vart avretta og gravlagd på nordsida av Ortneset i Brekke. Under arbeid med ei hustuft fann ein i 1920 ei kiste som truleg var grava til den avretta jenta.

Ei liknande sak førde i 1768 til dødsdom for Kristen Olsson Norddal frå Dalsøyra og stedottera Kari: Dei vart dømde til halshogging, og lika skulle gravleggjast ærelaust, utan kyrkjeleg seremoni. Men domen vart anka, og begge slapp med 10 års fengsel.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.09.2018