Hopp til innhold
X
Innhald

Avretta for drap i Luster

I 1662 vart Jacob Trolsen avretta for drap. Mannen kom frå ei bygd i Luster, men fleire detaljar vantar.

Drap framandfolk

I 1669 vart Mikkel Ormeberg frå Jostedalen avretta. Det går ikkje fram av tilgjengelege tingbøker kva han vart avretta for, men segna seier at han skal ha teke livet av nokre framandfolk som kom til Jostedalen.

Det meste av buet etter Mikkel gjekk med til å dekkje utgifter til å hente skarprettaren - og til presten for å fylgje den arme Mikkel fram til rettarstaden. Det som var att - ei tønne korn - fekk lensmannen for arbeidet med saka.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.09.2018