Hopp til innhold
X
Innhald

Avretta for legermål

Seksuelt samkvem med nærskylde vart i gamle dagar ofte straffa med døden – eller dei «skuldige» hamna i Kongens gruver eller som straffangar i fiskeværa i Nord-Noreg.

Straffa råka like hardt om dei berre var «inngifte» med kvarandre, altså ikkje genetiske slektningar: I 1636 rømde Paul Lauritsson Hjelle frå landet etter å hatt samleie med kona sitt syskenbarn Anne Lauritsdotter. Paul kom seg unna, men Anne vart halshoggen.

I 1659 gjekk det ikkje betre for Ales Olsdotter Kvamme frå Oldedalen. Ho vart avretta fordi ho hadde fødd eit barn med stefaren Jakob Olson. Jakob vart også dødsdømd, men rømde før skarprettaren fekk gjort det av med han.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.09.2018