Hopp til innhold
X
Innhald

Avretta for samleie med bror-enkja

I 1730 vart Mons Adamson Hestevik frå Berle avretta for å ha hatt samleie med Anne Marie Gregoriusdotter Hestevik.

Enkja fekk hardt straffarbeid

Ho var enkja etter broren til Mons, og den gongen vart også seksuelt samkvem med dei som var inngifte i familien rekna som blodskam. Begge rømde, men vart arresterte. Mons vart avretta, og Anne Marie vart dømd til hardt straffarbeid i fiskeværa i Nord-Noreg.

Slapp med livsvarig slaveri

Noko lettare gjekk det for eit par frå Endal som i 1723 vart dømde til døden for blodskam: Didrik Olson Endal hadde hatt samleie med syster til kona. Begge fekk dødsdom, men dommen vart seinare omgjort til livsvarig slaveri.

Slektsband var viktige

Ei soge frå Ålfoten fortel kor nidkjært kyrkjemakt og konge vakta på slektsband ved giftarmål: Då enkjemannen Knut Valdemarson Myklebust i 1699 ville gifte seg oppatt med Kari Samsondotter, måtte dei søkje kongen i København om løyve. Grunnen var at Kari var tremenning med den første kona til Knut. Knut og Kari fekk løyve til å gifte seg, men sonen som dei to hadde lurt seg til å få litt i forkjøp, var då alt fem år gamal.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.09.2018