Hopp til innhold
X
Innhald

Badehuset ved Langebrua

Badehuset låg til venstre for enden av Langebrua. Flyfoto frå Johan Ottesens arkiv.

Badehuset låg til venstre for enden av Langebrua. Flyfoto frå Johan Ottesens arkiv.

I 1916 fekk Førde sitt offentlege bad – Badehuset. Det vart bygd ved nordenden av Langebrua. Her kunne bygdefolket hyggje seg med karbad og dusj i oppvarma vatn, som vart pumpa med elektrisk pumpe frå Jølstra (Førde fekk elektrisk straum i 1914).

Badet var ope kvar laurdag, og bestyrarinna skrubba dei som ynskte det på ryggen! Også på Byrkjelo i Breim hyggja bygdefolket seg i badehus frå 1912.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.11.2010